Prøvebustad Mobø - Mikrohus
Vinje Kommune
Vinje kommune skal inngå avtale om ei totalentreprise for prosjektering og bygging av eitt (1) mikrohus på tomt M13 i Mobø bustadfelt, gnr./bnr. 136/71. Totalentreprenøren skal levere eit komplett og innflyttingsklart bygg, inkludert all prosjektering, grunnarbeid, fundamentering, bygningsarbeid, tekniske installasjonar og tilknyting til kommunalt vatn, avløp og straum. Prosjektet skal gjennomførast i samsvar med framlegg til reguleringsplan for Mobø bustadfelt (PlanID 20240003) med tilhøyrande plankart, føresegner og planomtale. Dette omfattar mellom anna krav til plassering, byggehøgd, flaumtryggleik, terrengtilpassing og estetiske føringar for området. Kommunen tek atterhald om godkjenning av reguleringsplan. Dersom reguleringsplanen ikkje blir vedteken eller det skjer vesentlege endringar i planføresetnadene, forbeheld oppdragsgjevar seg retten til å avlyse konkurransen eller ikkje inngå kontrakt utan erstatningsansvar. Mikrohuset skal vere ein fullverdig bustad på inntil 30 m², med tilhøyrande isolert bod og carport. Totalentreprenøren står fritt til å foreslå planløysing og utforming innanfor rammene som er gitt. Bygget skal ha varmepumpe som hovudkjelde for oppvarming, samt alternativ energikjelde etter reguleringsføresegnene. Prosjektet skal prosjekterast som mikrohus i samsvar med forenkla reglar i byggteknisk forskrift (TEK17) og tilhøyrande rettleiing frå Direktoratet for byggkvalitet. Dette inneber at løysingar kan prosjekterast innanfor dei forenklingane som gjeld for mikrohus, herunder mellom anna krav til arealutnytting, funksjonskrav og tekniske løysingar. Tilbydar står fritt til å nytte desse forenklingane der dette gir gode og funksjonelle løysingar innanfor prosjektet sine rammer. Alle løysingar skal likevel vere eigna som varig bustad. Oppdragsgjevar legg til grunn at forenklingane ikkje skal gå på kostnad av tryggleik, inneklima, brukskvalitet eller langsiktig drift Uteområdet skal ferdigstillast med nødvendige tilkomstløysingar, fundamentering
Classification
AI proposal generator
Generate a structured solution proposal in 90 seconds
Claude drafts an 8-section bid response — exec summary, technical approach, compliance matrix, indicative pricing, timeline, why-we-win — tailored to your company profile and this exact tender.
Related opportunities
Found via vector similarity
2. gangs kunngjøring, småhus Grensegata 1
Ringerike Kommune
Vardåssløyfen 26 totalentreprise - Nybygg etter brann
KRISTIANSAND KOMMUNE
„Изпълнение на Инженеринг – проектиране, авторски надзор и изпълнение на СМР за обновяване и енергийна ефективност на блок 6, кв. „Кольо Фичето“, гр. Сливен, финансиран по проект BG16FFPR003-4.001-0103-C01 “Енергийно обновяване на блок 6, кв. "Кольо Фичето", гр. Сливен“ по програма „Развитие на реги
ОБЩИНА СЛИВЕН
Levering og montering av to flyttbare småhus til tomt på Geiteryggen.
Skien kommune
127-BYM-2025 Totalentreprenør til justering av infopunkt ved Havnepromenaden
Oslo kommune v/ Bymiljøetaten