Brannfagleg gjennomgang av føremålsbygg
Sogndal kommune
Beskriving av oppdraget Oppdragsgjevar ønskjer å kjøpe konsulenttenester for gjennomgang og vurdering av eksisterande branndokumentasjon for føremålsbygg. Oppdraget inneber gjennomgang og kvalitetssikring av eksisterande dokumentasjon, og oppdatere eller utarbeide ny viss naudsynt. Dokumentasjon gjeld til dømes brannkonsept, brannteikningar, tekniske dokumentasjon, sjekklister, rutinemessig kontroll, drift av bygget med meir, som er naudsynt iht. gjeldande krav til eigar sitt ansvar for å ivareta brannførebygging og brannvern. Behovet omfattar først og fremst føremålsbygg, mellom anna sjukeheimar, omsorgsbygg skular, barnehagar og administrasjonsbygg. Bygga har ulik alder, bruk og kompleksitet. Oppdraget er tenkt delt i to fasar. Første fase omfattar dei tre sjukeheimane som har ulik status på sin eksisterande dokumentasjon. Desse kan danne grunnlag for å vurdere prosess og metode for dei øvrige føremålsbygga, om lag 20 bygg, som ein fase 2. Fase 2 vil vere opsjon. I fase 1 skal leverandøren gjennomføre ein gjennomgang av dei tre sjukeheimane med eksisterande dokumentasjon, vurdere om det er fullstendig og tilstrekkeleg for å ivareta drift av bygga sett opp mot krav til brannførebygging og brannvern. Leveransen skal gi oppdragsgivar oversikt over status, avvik, manglar og tilrådde tiltak. I oppdraget inngår oppdatering eller utarbeiding av branndokumentasjon dersom dette viser seg naudsynt. Det er også behov for opplæring og formidling retta mot interne tilsette for å sikre at eigaransvaret knytt til brannførebygging vert ivareteke, og legge grunnlag for at ulike brukarar av bygga kan ivareta sin plikt til internkontroll. Valt leverandør og oppdragsgjevar vil i samarbeid utarbeide ein plan for oppdraget, inkludert tidsplan, omfang og avgrensingar. Fysiske tiltak på eller i bygga er ikkje ein del av oppdraget.
Classification
AI proposal generator
Generate a structured solution proposal in 90 seconds
Kimi drafts an 8-section bid response — exec summary, technical approach, compliance matrix, indicative pricing, timeline, why-we-win — tailored to your company profile and this exact tender.
Related opportunities
Similar tenders
Anskaffelse av sikkerhetsutstyr og tjenester - Barneverns- og helsenemnda
IKOMM AS
23LMS3-K Lydmiksersystem Kilden
KILDEN TEATER OG KONSERTHUS IKS
Anskaffelse av Konsulentbistand IKT - backend/fullstack
Valgdirektoratet
Innkjøp møbler nye Mosjøen vgs
Nordland fylkeskommune
Anskaffelse inventar og møbler
WSP NORGE AS (Oppdragsgiver)
Free tender alerts
Get a weekly digest of Norway tenders
New Norway tenders matching your interests, delivered to your inbox once a week — no app required. Add keywords and we'll filter the digest to match.