Nytt biblioteksystem til vidaregåande skolebibliotek
Møre og Romsdal Fylkeskommune
Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune (oppdragsgivar) treng nytt biblioteksystem til 20 vidaregåande skolar. Dette gjeld både skolar med skolebibliotek som låner ut eit mangfald av litteratur og materiale, og skolar som berre låner ut lærebøker. Systemet må støtte skolebiblioteka, skolebibliotekarar og andre tilsette tilknytt skolebibliotek og/eller lærebokutlån i deira arbeidsflyt. Systemet må vere eit høveleg verktøy slik at skolebiblioteka kan skjøtte sin ansvar etter opplæringslova § 15-5 og opplæringsforskrifta § 11-2. Generelt Biblioteksystemet er det viktigaste arbeidsverktøyet for dei tilsette. Kjernefunksjonar er å halde oversikt over dei fysiske samlingane til biblioteket, gi oversikt over lånarar og utlån, og tilby eit søkjegrensesnitt for tilsette og brukarar. Biblioteksystemet er òg inngangsporten til samlinga for publikum, og det er difor sentralt at brukargrensesnittet er funksjonelt og tilgjengeleg. Det er viktig at biblioteksystemet tar omsyn til dei til ei kvar tid gjeldande reglane for GDPR og har fokus på informasjonstryggleik. Oppdragsgivar ønskjer å skaffe standard hyllevare der tilpassing til behov blir gjort gjennom konfigurasjonar av løysingane til leverandør, ikkje gjennom utvikling. Biblioteksystemet skal vere på norsk. Føremål og omfang Det er totalt 20 offentlege vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Av desse skal 18 vidaregåande skolar ha nytt/eige biblioteksystem. Dei to skolebiblioteka som ikkje skal ha biblioteksystem, har avtale med det lokale folkebiblioteket om felles drift. Desse to er likevel inkludert i konkurransen med opsjon. Dei 18 vidaregåande skolane nyttar i dag Bibliofil. Skolebiblioteka har åtskilte databasar med eigne metadata og eiga samlingsstruktur. Det er ønskeleg at nytt biblioteksystem kan bidra til at skolebiblioteka utviklar tettare samarbeid og felles driftsrutinar. Ein sentral del av konkurransen handlar difor om høvet til å samle og reinse metadata skolane no har kvar for seg, til ein felles
Classification
AI proposal generator
Generate a structured solution proposal in 90 seconds
Kimi drafts an 8-section bid response — exec summary, technical approach, compliance matrix, indicative pricing, timeline, why-we-win — tailored to your company profile and this exact tender.
Related opportunities
Similar tenders
Kurland Sykehjem - Etablering av nytt heisbygg
Sarpsborg kommune
Evaluering- Operativt SaLTo
Oslo kommune v/ Bydel Alna
26249 Fløgstad skule – nytt aktivitetsanlegg, totalentreprise
Innkjøpskontoret AS
Rammeavtale for snikkartenester til kommunale bygg og anlegg
Luster kommune
Rammeavtale for opptak og strømming av politiske møter
Malvik kommune
Free tender alerts
Get a weekly digest of Norway tenders
New Norway tenders matching your interests, delivered to your inbox once a week — no app required. Add keywords and we'll filter the digest to match.