Totalentreprise for pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri - Lærdal sykkelpark
Lærdal kommune
Bakgrunn Lærdal ungdomsråd har sidan 2024 arbeidd for å få etablert eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Saka vart handsama politisk hausten 2025, då formannskapet vedtok at kommunalt areal kan nyttast til tiltaket. Det er løyvd midlar til prosjektet i 2026, og kommunen ønskjer å kontrahera totalentreprenør til prosjektet i 2026 med ferdigstilling innan juni 2027. Formålet med anskaffinga er å etablera eit attraktivt og funksjonelt aktivitetsanlegg for ungdom, med tilbod som fremjar fysisk aktivitet, sosialt samvær og gode møteplassar. Anlegget skal vera ein naturleg samlingsstad for ungdom i sentrumsnære omgjevnader mellom sentrum og fjorden. Sykkelparken skal samstundes i størst mogleg grad kunne nyttast av barn og andre brukargrupper. Plasseringa stiller særlege krav til utforming og gjennomføring. Området ligg sentralt ved innfallsporten til Lærdal og i nærleik til Gamle Lærdalsøyri. Det er difor viktig at anlegget vert godt tilpassa landskap, omgjevnader og verneverdig miljø, og at det held høg estetisk kvalitet. Beskrivelse av oppdraget Lærdal kommune ønskjer å inngå kontrakt om totalentreprise for prosjektering og bygging av eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Oppdraget omfattar ei samla leveranse frå prosjektering til ferdig opparbeidd anlegg. Leverandøren skal også gjennomføra prosess med byggjesøknad. Leveransen skal omfatta eit pumptrack-anlegg med god flyt og ei utforming som er tilpassa ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå. Anlegget skal i tillegg vera ein møteplass med opphaldssone og møblering. Det skal leggjast til rette for trygg ferdsel i og rundt området. Leveransen skal inkludera belysning i samsvar med NS-EN 12193 Idrettsbelysning og krav til denne type anlegg. Universell tilkomst skal inngå som ein del av den samla løysinga. Løysingsforslaget skal ta omsyn til nærleik til veg, ferdsel og verneverdig miljø, og skal utformast med vekt på landskapstilpassing, tryggleik og estetikk. Oppdragsgivar har tilgang på knuste tunnelmassar som skal nytta
Classification
AI proposal generator
Generate a structured solution proposal in 90 seconds
Kimi drafts an 8-section bid response — exec summary, technical approach, compliance matrix, indicative pricing, timeline, why-we-win — tailored to your company profile and this exact tender.
Related opportunities
Similar tenders
Bedehusbekken PS
Nome kommune
Oppgradering av VVS-anlegg i Aukra kommunehus
Aukra kommune
BA-26-031-ØT-Ombygging rådhuset
Østre Toten Kommune
Ekstern evaluering av eKommune
Ålesund kommune
Enkeltanskaffelse - 540399 - C06642 - Slukkeanlegg H5 Bardufoss - P1129
Forsvarsbygg
Free tender alerts
Get a weekly digest of Norway tenders
New Norway tenders matching your interests, delivered to your inbox once a week — no app required. Add keywords and we'll filter the digest to match.