Plankonsulent (prosjektleiar) områderegulering Hardbakke hamn og Steinsund
Solund kommune
Bakgrunn og formål Solund kommune ønskjer å engasjere ein erfaren plankonsulent (prosjektleiar) til å leia arbeidet med områderegulering av indre hamn på Hardbakke, samt næringsområde N20 i Steinsund (Solund kommune sin arealdel). Reguleringsplanen skal leggje til rette for (1) naudsynte funksjonar knytt til eit snøggbåtstopp, (2) effektiv kommunikasjon mellom snøggbåtkai og grendene i Solund, (3) bustadfortetting i indre hamn, (4) betre tilkomsten til hamna og (5) sette av areal til tiltak som skapar trivsel og liv i indre hamn, helst gjennom heile året. Oppdraget skal gjennomførast i tett samarbeid med kommunen. Indre hamn skal romme både bustad, næring, sjøaktivitetar, hamnetenester og andre funksjonar/tenester/møteplassar, og må planleggjast med minst mogleg grad av konflikt. Konsulenten skal leia og driva fram planprosessen, bidra med planfagleg rådgjeving, og utarbeida plandokumenta frå oppstart til ferdig planforslag. Sluttproduktet skal leverast på godt nynorsk. Samfunnsdelen seier at: “Regulering av området på Hardbakke skal legge til rette for auka aktivitet i Solund kommune. Planarbeidet er i gang og skal mellom anna sikre framtidig hamn for ekspressbåt, reiselivsnæring, betre gangsamband, betre tilkomst til dagens hamn, betre kapasitet i gjestehamn og servicebygg, samt bustadfortetting. Kommunen vil arbeide for at planen legg til rette for god kvalitet i tettstadsutviklinga og vil følgje opp med strategiske grunnkjøp viss mogleg”. Viktige fristar Oppstart plankonsulent januar 2027. Ferdig planprogram til skrivefrist kommunestyremøte mars 2027. Ha klart 1.utkast til reguleringsplan til kommunestyret september 2027. Sjå mandat vedteke av Solund kommunestyre KS050/25 Prosjektgruppe Hamnesentrum: https://www.solund.kommune.no/politikk-og-administrasjon/om-oss/innsyn-og-postliste/moteoversikt/#/details/m-e8f93b5a__de8c__4fed__8410__71ae71ffb04f-1065!Gag8XK
Classification
AI proposal generator
Generate a structured solution proposal in 90 seconds
Kimi drafts an 8-section bid response — exec summary, technical approach, compliance matrix, indicative pricing, timeline, why-we-win — tailored to your company profile and this exact tender.
Related opportunities
Similar tenders
Løsning for saksbehandling, arkiv, eByggesak, ePlansak og politisk møtebehandling
Lørenskog kommune
Rammeavtale for kjøp av IKT-utstyr og tilhørende tjenester
INNOVASJON NORGE
Geografiske informasjonssystemer - VOIS
VOIS
26255 Heis service, vedlikehold og ettersyn
Innkjøpskontoret AS
Elektrisk kraft og porteføljeforvaltning
Tromsø kommune
Free tender alerts
Get a weekly digest of Norway tenders
New Norway tenders matching your interests, delivered to your inbox once a week — no app required. Add keywords and we'll filter the digest to match.